Austevoll kyrkjelyd søkjer trusopplæringsmedarbeider, 100 % stilling

Austevoll kyrkjelyd er ein kyrkjelyd i vekst. Gjennom året har vi mange og kjekke tiltak og arrangement for born, ungdom og resten av kyrkjelyden. Vi er så heldig å oppleve at folk er veldig flink å stille opp på alt vi held på med.
Frå 1.mars har vi ledig stilling som trusopplæringsmedarbeider. Stillinga inngår i trusopplæringsplanen vår frå 0 – 18 år med hovudvekt på dei frå 11-18 år. Om du ikkje har mulighet for å starte 1.mars, ønsker vi du starter så snart som mulig etter det.
Vi søkjer etter ein person som er:
Positiv og ansvarsbevisst
Har god formidlingsevne
Kan arbeida sjølvstendig og i team
Viser initiativ og fleksibilitet
Et pluss om du meistrar song og musikk
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt kollegafellesskap
- Løn og arbeidsvilkår etter KA sitt avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
- Fleksibel arbeidstid
Ønskje du å vite meir om stillinga, ikkje nøl med å ta kontakt 😊
Personlege eigenskapar / erfaring vert vektlagt.
Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja, kunna leggja fram politiattest og ha førarkort kl B
Søknadsfrist: 23.01.26
Kontaktinfo:
Kyrkjeverje: Karen Kvinge tlf: 55082602 / 9929 1547
Kontorleiar: Regine Hatlevik Otterå tlf: 55082600 / 9342 5963
Søknad med enkel CV sender du til:
Mail: kk792@kyrkja.no
Eller
Austevoll sokneråd
Prestanesvg 41
5392 Storebø